Musikalen om eventyra du trudde du kjente. Bli med inn i skogen!
Det var ein gong ein barnlaus bakar og kona hans. Dei ønsker over alt i verda å få eit barn. Men ei heks har kasta ei forbanning over familien. For å bryte forheksinga, og få det etterlengta barnet, må dei løyse fleire oppgåver. Men dess lenger inn i skogen dei kjem, dess mørkare og meir skrudd blir eventyret.
Basert på kjente eventyr
I Into the Woods møter vi Raudhette og ulven, Jack og bønnestengelen, Rapunsel og Oskepott. Men vi får også høyre historia om kva som skjedde etter «snipp snapp snute». Kvifor er overgangen frå barn til vaksen så vanskeleg for Raudhette? Er livet på slottet så fantastisk som Oskepott hadde håpa? Blei Jack lykkeleg av all rikdommen? Er det eigentleg mogleg å leve lykkeleg til sine dagars ende når skogen er full av utruskap, morskompleks og død?
Skrekkversjon
Med humor og råskap har Stephen Sondheim og James Lapine laga ein musikal som snur dei kjente eventyra på hovudet. Resultatet er ein vaksen skrekkversjon av barndommens forteljingar. Du må inn i skogen, gjennom skogen og ut igjen. Kven du er på den andre sida, er det ingen som veit.
Nedre tilrådd aldersgrense 12 år.