Det Norske Teatret // Book of Mormon

Det Norske Teatret

Oslo, Norway

8:00 PM
315 NOK

HEDDAPRISEN FOR ÅRETS FRAMSYNING, BESTE MANNLEGE SKODESPELAR/MEDSPELAR (PREBEN HODNELAND) OG BESTE SCENETEKST

Dette er ein overraskande og satirisk musikal om religion, som har sprengt alle grenser for kva ein kan tulle med – og komme unna med. Men så er det ikkje kven som helst som har signert verket. Trey Parker og Matt Stone har i årevis utfordra alle religionar, ideologiar og tankesett gjennom serien og filmen South Park. Ingenting er for heilagt for denne duoen.

MISJONÆRAR I UGANDA

Mange har hatt ein ung, velkledd og hyggeleg mormonar på døra. Men få har sloppe han inn. Det gjer vi. Med Vidar Magnussen som debutant i registolen følgjer vi to unge misjonærar på sitt fyrste utanlandsopphald. Dei blir sende til Uganda. Utfordringane er langt større enn dei kunne førestille seg. Der dei håpa å kunne spreie ordet om den viktige boka som vil gi deg eit betre og meir opplyst liv, møter dei eit lokalsamfunn som strir med aids, svolt, omskjering og lokale krigsherrar. Møtet blir mildt sagt ein kulturkrasj, men ein mormonar gir aldri opp. Og han trur – også på det mest usannsynlege.

 

HUMOR MED KJÆRLEIK

– Eit ateistisk kjærleiksbrev til ein religion, har skaparane av The Book of Mormon kalla musikalen. Intensjonen var aldri å gjere narr av mormonarane. Det kunne like gjerne ha handla om ein annan religion. Dei vaks opp i Colorado, kjente mange mormonarar og dei elska musikalar.

– Mormonarar er så glade, så det måtte bli ein glad musikal av dette, seier dei. – Og så har dei jo ei heilt eiga skapingssoge. Ein klassisk musikalformel med eit alt anna enn klassisk plot var altså arbeidsformelen. Å finne humor i det fornærmande og likevel gjere det med varme, er grunnen til at sjølv mormonarkyrkja har femna om musikalen og til og med kjøpt annonsar i programmet.

For som vi vil oppleve på scenen, så lenge du trur, er det ikkje fullt så viktig kva du trur på. Eller kva som eigentleg står i den boka.

OMVISING – THE BOOK OF MORMON-SPESIAL

Bli med opp på scenen og inn bak kulissane. Les meir her!

BLI BETRE KJENT MED AKTØRANE I TEATERPODDEN

I denne episoden av Teaterpodden snakkar vi med Frank Kjosås og Kristoffer Olsen om laust og fast – men mest om The Book of Mormon.

Høyr koreograf Johan Osuldsen og musikkansvarleg Lars Bleiklie Devik fortelje om kva dei står overfor når dei set opp The Book of Mormon på ein norsk scene.

Kristoffer Olsen og Markus Bailey blir betre kjente i Ti på to! 

Vidar Magnussen og Preben Hodneland tek ein fot i bakken etter vel overstått premiere.

The Book of Mormon blir sett opp i eit samarbeid med Kilden Teater- og Konserthus.